Alltid kjekt å vera på besøk på Bømlo!
På fredag skulle me på teater å sjå Mats spela i Drømmefabrikken, men at det skulle vera utsolgt var ikkje med i planen. Så då tok mormor Sofie, Marie og Thomas med på kino i staden. Sofie holdt ut i imponerande 45 min, men då blei da visst for skummelt - og snopet var bortevekk.
Den populære bilbanen så me alle har lekt med i alle år var på plass hos oldemor på lørdagen, eller ollo i byn så Sofie kalla hu. Det var og dei fantastiske nordlandskakene og vaflekjekso, men mamma fant ut at me må jobba litt meir med bordverset til neste gong me skal på besøk :-)
Så bar det vidare til tante Ingebjørg og onkel Johnk der me fekk servert den tradisjonsrike lørdagsmiddagen risengrynsgraut. Nammi! Veldig fornøyde var me og med at både mamma og Sofie kunne kjøra heim nyfriserte og lekre :-)
Helga vart avslutta med ein solfylt søndag uten den irriterande nordavinden, og me var ute fleire timar før me tok fatt på turen heim igjen..
Sofie grein sine vedmodige tårer når hu måtte reisa. Marie og Sofie har gått hånd i hånd heila helgo og Sofie synst det er kjempekjekt å vera på lekeplassen åleina med Marie og Thomas (det synst forresten mamma og). Alma synst det var veldig kjekt å leka "bortevekk-leken" med Petter, og i følge Thomas lærte han Alma å tella til fem! Ja, så me kan trygt sei det har vore ei kjekk og lærerik helg!