Trur alle er enige om at årets påske var fantastisk! Me koste oss jaffall i Røldal med sol og herlig påskeslush :-)
Onsdagen overtok me jobb-hytta etter familien Braut Griphage og fekk vore i bakken med dei, Gunn Evy og Malin, før dei vende naso mot sør. Sofie fekk prøvd alpinski for første gang, og for Alma sin del var det berre å nyte utsikten opp stolheisen i armane til pappa og deretter sjokoladen som Jimmy lokka med når me kom opp.
Her hjelper "erfarne" Malin til.
Etter ein tur måtte det til med ein velfortjent pause
Torsdagen kom me oss omsider opp i bakken etter mykje svette og tårer, pga bæring av diverse utstyr og to små jenter som etterkvart begynte å kjenne på kroppen at dei hadde sove minst to timar for lite. Heldigvis sovna Alma straks hu blei lagt i pulken, og Sofie fant fram go-smilet når prinsessekjolen kom på og hu var klar for sitt første karneval-skirenn!
Prinsessene Sofie og Tiril ved målstreken med premie rundt halsen og ein velfortjent is!
Liksåkjekt å leke i snøen og lage snøslott som å stå på ski
Fredagen var kroppene klare for ein pause og me tok oss ein pittepitte liten tur på langrenn.
På kvelden var det barnebasar og ansiktsmaling på Røldalsterrassen.
Lørdagen var me klare for tallerkenheis og alt det måtte medbringe, men merka fort at me var meir erfarne og me kom oss overraskande smertefritt opp heisen og til barnebakken. Sofie blei tryggare og tryggare med ski på beina, men blei ganske skuffa og sint når hu ikkje fekk medalje etter den første turen :-) Alma koste seg med bøtter og spader og påskesnop!
Søndag blei da avreise itte ein siste lunsj i sol og snø. Med oss til Stavanger kunne me ta me oss: to stk brune ansikt, eitt lite mindre brunt ansikt, ei rød nasa, masse fregner, ein forlatt joggesko str 25, masse melk (som blei til gode pannekaker i dag), meir skierfaring og ellers masse gode minner!