onsdag 22. juni 2011

Sommerfest

I dag var det sommerfest i barnehagen og me fekk bli med på aktivitetsløype med potetløp, kappløp, bowling og ansiktsmaling. Pølser og is stod selfølgelig på menyen :-)
Heldigvis kom me oss inn i bilen før himmelen åpna seg og hagle kom fossande! Ja, det er vel dette me kaller norsk sommar...

søndag 5. juni 2011

Soma gård 2

Eldorado for både dyre- og hoppeglade jenter! Her er litt bilder frå dagen: Alma er i ekstase når hu ser dyr. Hu klappa og fôra både kaninene, sauene og geitene, og sprang etter hønene for å prøve gi dei og litt gras..



No var jentene klare for å ri og Tom blei bytta ut med eitt litt større dyr..


To spente og fornøyde jenter




Sofie på hesteryggen

fredag 3. juni 2011

Planleggingsdag

Planleggingsdag i dag var ikkje feil. Endelig fekk me litt sol på kroppen! Dagen tilbringte me på Vaulenstranda med Ingrid, Sanna, Matilde, Ida, Nora og Maren.









Denne divaen stiller gjerne opp til fotografering :-)






Denne rakkaren er det derimot ikkje så lett å ta bilde av - dette var dagens blinkskudd!



Popcornposen forsvann på null komma niks
Temperaturen steig og steig og på slutten av dagen var alle jentene ved strandkanten og leita etter krabber og andre fine "sjøting". Og det var ikkje berre i lufta at temperaturen steig, for når seks små jenter i sin beste "koffår" alder som må tisse, men ikkje tisse, tisse i truse og tisse i bleie, e tysste og varme og fryse litt samtidig, står og summe rundt deg ein heil dag kan du fort bli litt varm i toppen. Og når då ei lita jente på slutten av dagene klare å deise ei ketsjupflaske i bakken så rødspruten står overalt og over heile mamma I, må me berre, trass temperaturen, le av heile situasjonen og oppsummera at dagen ikkje har vore så verst! :-)