søndag 9. september 2012

Alma og tanna

Mandag 20 august
Alma hektar foten fast i et tau ho skal til å klatre over, og dett med ansiktet ned i asfalten. Det blir mykje hyling og mykje blod og aktutt tannlegebesøk. Den eine tanna er slått langt opp, men etter røntgen blir det bestemt at så lenge det ikkje blir betennelse, skal tanna få bli...


Det første døgnet var det ingen og ingenting som fekk nerma seg munnen til tapre Alma. Etter 24 timar blei heldigvis fristelsen for melkerull for stor, og Alma fant ein teknikk på korleis ho skulle få i seg mat uten å komme borti tanna.

Fredag 24 august
Alma er tilbake til normalen. Det er fredagskveld og me er nesten klare for legging då Alma plutselig dunker munnen borti bordkanten. Igjen blir det hysterisk hyling, ingen får komma i nærheten og blodet sprutar. Tanna er plutselig nede igjen! Ei utslitt Alma grin seg i søvn for andre gong på ei veke...
Mandagen etter blir det nytt tannlegebesøk og der er dei "imponert" over røntgenbildene som er tatt med ei vekes mellomrom. Tanna er laus, men konklusjonen blir at me skal komme tilbake etter to veker for å sjekke tilstanden og om tanna kanskje har festa seg..

Fredag 7 september
Tannlegebesøk nr tre og Alma er kjent på tannlegekontoret. Ho er blitt rutinert med røntgen-taking og finn veien åleine til tannelegestolen. Ho har allerede sanka inn seks premier (to kvar gong siden ho har vore superflink) og fleire skal det bli...
Røntgen viser at det er blitt betennelse og tanna må ut! Bedøvelse og trekking var absolutt ingen kjekk opplevelse, men me håpar at sjønne tannlause Alma ikkje har fått tannlegeskrekk etter dette...

 Ikkje akkuratt ei lita tann!

No er Alma atter ein gong tilbake til normalen og me krysser fingrane for at tanna attmed (som er blå og knekt) skal forbli i munnen et par år til. Resten av tennene også forresten :-)

søndag 2. september 2012

Jærmessa

I dag tok me turen til Vaurhaug og Jærmessa etter tips frå tante så var heldig å få med seg misse konkurranse dagen før. Me såg desverre ikkje missekua, men fekk med oss mykje anna kjekt!  





 Jentene på sin fjerde tur med hest og kjerre

 Vennebyen var og på messe, så etter show stilte dei opp til klemming og fotografering

Må jo få med avslutningen på dagen - Sanna mista si første tann!!!