tirsdag 18. juni 2013

Skulejenta

I dag var ein stor dag for Sofie 5 1/2 år. Først var det skulebesøk der hu fekk treffa alle i klasse 1A og dei tre lærarane hu skal ha. Var litt skummelt i starten, så då var det tryggast på mamma sitt fang. Etter ei stund gjekk det greitt å sitta litt ved pulten mens hu klyppte ut huset sitt.




Her er Sofie komt seg på plass i frisørstolen og gjer seg klar for å få hull i øyrene! Fortalte dama i salongen at hu hadde klypt seg hardt i øyra i barnehagen så hu visst kor vondt det var og at det ikkje var nåke problem. To hull skulle det bli - og tøffe Sofie fekk først ett hull i venstre, og mellom tårene var det heilt ok å skyte hull i neste øyra og :)
 Litt kry!!
Så bar det avgårde til ungdomsskulen der Sofie fekk vera med lærar Elisabeth og alle ungdommane. 

Og tilbake til Skjenaberg 2 der det går i maling og maling kvar dag - endelig fekk Sofie og mala!