Sist helg var mamma og Sofie på jentetur i Røldal. Me var invitert til hytta til Åkrabuarane, og sjøl om vergudane ikkje var med oss blei det ei kjempekjekke helg for både små og store!
Frukost lørdagsmorgen -jentene er klare for ein dag i skibakken. Sola uteblir men alle er innstilt på at skina skal på, så kl 11 er me klar ved skitrekket.
Tøffe Sofie er på plass i bakken. Vinden bles og regnet daler, men enn så lenge er me med godt mot!
Godt å komma inn i varmeståva og få ein kopp kakao
Det blei ein kald og hardt nedfart frå barnetrekket og ned til parkeringsplassen for både vaksne og barn, så då var det ekstra godt å komma seg inn i den flotte varme hytta. Rett i badekar og dusj, så var det klart for godis og kino!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar